Tenorane og Steffen Horn
Matinékonsert
Informasjon
Etter å ha hatt premiere på sjølvaste Chat Noir i 2018, har Tenorane og Steffen Horn reist over heile landet og motteke strålande tilbakemeldingar.
Publikum kan gle seg til vare og kraftfulle tonar, spenstig koreografi, humørfylte sprell og ei rekkje overraskingar. På programmet står både kjende og mindre kjende verk frå den klassiske musikken, opera og operette, musikalperler, viser og poplåtar – alt framført med sjølvironiske kommentarar, ein dose alvor og rikeleg med humor.
Dei syng, for det meste, på norsk: Kjell Inge Torgersen har gjendikta "Fields of gold" og Arnt Birkedal har gjort sin versjon av Beatles sin "The long and winding road".
Dette er ei framsyning smekkfull av klassiske perler,
sjølvironiske betraktningar, ein slump alvor og store mengder humor.