Utstein klosters restaureringshistorie
Foredrag ved Alf Tore Hommedal
Utstein kloster – kva er originalt og kva er nyskapt?
Om 1900-talets restaurering og nybygging i klosteranlegget
Bygningsanlegget på Utstein vert sett på som det best bevarte klosteranlegget frå norsk mellomalder. Men kor mykje er autentisk i anlegget slik det står no? Foredraget presenterer dei bygningsarkeologiske undersøkingane av mellomalderrestane, særleg då granskingane til ekteparet og forskarparet Dorothea og Gerhard Fischer. I tillegg blir grunnlaget for utforminga av dei gjenskapte bygningspartia i anlegget diskuterte.
Foredrag ved Alf Tore Hommedal, professor i mellomalderarkeologi ved Universitetsmuseet, UiB.
Inngang til Utstein kloster er inkludert i billetten (ord. 150 kr).
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderes ikke.